Seks frå klubben deltok på Nord-Norsk fotomaraton

Seks frå klubben deltok på Nord-Norsk fotomaraton

Publisert av Bjarte Hoff den 22.08.18.

Nord-Norsk fotomaraton er ein konkurranse for fotoklubbar i Nord-Norge. I løpet av ei helg blir det delt ut ulike tema som deltakarane skal fotografera. Sidan innleveringa skal skje i løpet av arrangementet, blir det ikkje mykje tid til å løysa dei ulike oppgåvene, derfor namnet fotomaraton.

I år var det Ibestad fotoklubb som arrangerte fotomaraton i helga 16. til 18. august. Frå klubben deltok seks personar:

– Rita Berntsen
– Bjarte Hoff
– Ebba T. Jenssen
– Ørnulf Jenssen
– Tove-Lise Nordbakk

Fredag

Fredag kveld var det først registrering. Etterpå gjekk turen til Kobbetjønna der det var grilling. Området er flott tilrettelagt med grill og benkar. Det er til og med ei utescene der.

Etter at maten var konsumert vart det konkurranse der me skulle kasta stein mot ein stokk (huskar ikkje det lokale navnet på denne konkurransen). Den som traff mest vant.

Laurdag

På laurdag begynte sjølve fotomaraton. Det blei delt ut fira oppgåver denne dagen i to omgangar:

– Og størst av alt er kjærligheten
– Sett ovenfra
– Gjennom glass
– Sort hvitt

 

Etter at oppgåvenen var mottatt, var det berre å setta i gang. Det var ingen avgrensing på kvar bildene kunne bli tatt, så alt innanfor kjørbar avstand kunne brukast. Dei fleste holdt seg til øyene Rolla og Andørja

Det var spennande å sjå den same oppgåva løyst på mange ulike måtar. Her var det berre kreativiteten som avgrensa.

Når konkurranseinstinktet satt inn for fullt måtte alle alternativ prøvast ut. Sjølv om det betydde å gå rund aleina på ein gravplass rundt midnatt i desperat leiting i motiv til tema sort/hvitt.

Blitslyset hagla rundt gravsteinane, men det virka ikkje som bebuarane brydde seg nemneverdig om det.

På laurdagskvelden var det felles middag med koldtbord samt sal av drikke. Det var også bildevisning frå turar som Ibestad fotoklubb hadde hatt. Sjølv om middagen var annonsert til å vara ut i dei seine nattetimar, var dei fleste slitne etter ein lang dag på fotojakt. På søndag skulle det også bli gitt to nye oppgåver, så alle tok ein relativt tidlig kveld.

Søndag

På morgonen vart dei to siste oppgåvene levert ut:

– Fartøy
– Fargerikt og nært

Igjen var det full fart ut på jakt etter fartøy (dvs. båt) og fargerike ting.

Etter eit par timar med intensiv bildebehandling, var arrangementet over og bildene levert inn.

Takk til Ibestad fotoklubb for eit flott arrangement