Resultat frå Nord-Norsk Fotomaraton 2014

Resultat frå Nord-Norsk Fotomaraton 2014

Publisert av Bjarte Hoff den 22.08.18.

Premieseremonien etter Nord-Norsk Fotomaraton i Narvik vart arrangert laurdag 15. november. Det blei delt ut diplomar til alle premierte og antatte bilder, totalt 99 diplomar. I tillegg vart det delt ut premiar til gull, sølv og bronse i kvart tema, samt beste bilde og beste fotograf.

Tema

Konseptet med fotomaraton er å fotografera til ulike tema innanfor relativt kort tid. Under arrangementet tidligare i haust, vart det delt ut 6 tema:

  1. Malmbyen Narvik
  2. Stillhet
  3. Portrett av ukjent
  4. Fugleperspektiv
  5. Jernbane
  6. Best og/eller verst i Narvik

Alle dei 6 temaa var laga av Walter Dragland, utflytta narviking og tidlegare leiar av Oslo Kameraklubb.

Resultat

Alle bildene er juryert av Bekkalokket fotoklubb i Bergen, med unntak av beste bilder om var t bestemt av Walter Dragland.

Resultat inkludert premierte bilder kan du sjå her: fotomaraton2014_presentasjon
Resultatliste utan bilder kan du sjå her: Fotomaraton2014_resultat

Premiering

Vinnarane av fotomaraton mottar fylgjande premiar:

Beste fotograf:
  • Ekstra stor malmklump med skilt
  • Wacom Intuos Manga teiknebrett
  • USB penn (sponsa av Natur&Foto)
Beste bilde:
  • Ekstra stor malmklump med skilt
  • Datacolor Spyder 4 Express skjermkalibrator
  • USB penn (sponsa av Natur&Foto)
  • Utskrift av vinnarbildet montert i passepartout (sponsa av Bjarte Hoff Fotografier
Gull:
  • Stor malmklump med skilt
  • Bok «Nordic Nature Photo Contest 2014» (sponsa av Natur&Foto)
  • Hama blåsebelg
  • Hama objektivpenn
Sølv
  • Medium malmklump med skilt
  • Hama blåsebelg
  • Hama objektivpenn
Bronse
  • Liten malmklump med skilt
  • Hama minnekortlesar

Premiane i år er sponsa av:

  • Natur&Foto
    Natur&Foto gir ut magasinet med same namn, som fokuserar på naturfoto og inneheld alt frå guidar, produktomtalar, friluftsliv og digital etterbehandling.Dei arrangerar ogsåfotokonkurransen «Nordic Nature Photo Contest» (NNPC) som er ein svært annerkjent fotokonkurranse innan naturfoto og open for alle. Innleveringfristen er 2. januar, og alle er oppfordra til å delta.
  • Bjarte Hoff Fotografier
    Sal av naturfotografi med fokus på landskap samt abstrakte detaljar og former i naturen, samt utskriftstenester.

Lotteri

Etter den formelle premieutdelinga, var alle deltakarar i fotomaraton med i trekning av ulike premiar. Premiane som vart delt ut var:

  • 1 bok «Nordic Nature Photo Contest 2014» (sponsa av Natur&Foto)
  • 1 USB penn (sponsa av Natur&Foto)
  • 6 t-skjorter med logo (sponsa av Natur&Foto)
  • 6 klutar (sponsa av Natur&Foto)
  • 5 førstehjelpspakkar

Gratulera til alle deltakarar og vinnarar.