Invitasjon til Fotomaraton 2021

Invitasjon til Fotomaraton 2021

Publisert av Bjarte Hoff den 29.04.21. Oppdatert 04.05.21.

Alle NSFF medlemmar er invitert til å delta i ein nasjonal fotomaraton laurdag 5. juni. Det blir delt ut fira ulike tema i løpet av dagen, der innlevering skjer gjennom NSFF sitt konkurransesystem. Tema og innlevering skjer digitalt og du kan delta uavhengig av plassering, enten du er aleina eller at de går saman med ein gjeng frå din fotoklubb. Dette er ein av aktivitetane i samband med vårt 80-års jubileum.

Fylgj også med Facebook arrangementet: https://fb.me/e/d2viCwTij

Påmelding skjer innan mandag 31. mai ved med å betala deltakaravgifta på NSFF.no Min side (Du finn konkurransen nedst på sida under Kommende konkurranser). Ved låg deltaking, kan komiteen velja å avlusa konkurransen og deltakaravgifta blir tilbakebetalt.

På konkurransedagen blir tema frigitt på Facebook arrangementet på denne nettsida til fylgjande klokkeslett:

  • Kl. 09:00: Tema 1
  • Kl. 11:00: Tema 2
  • Kl. 14:00: Tema 3
  • Kl. 16:00: Tema 4

Til kvart tema kan det leverast inn tre bilder, som må vera lasta opp på NSFF.no innan kl. 18:00. Bildene fylgjer vanlig NSFF standard, som er 2400 pixlar på lengste side og maks 3 MB. Deltakaravgifta er på kr. 150,- som blir betalt før opplasting av bilder i NSFF sitt konkurransesystem. Innleverte bilder kan brukast av Narvik Kameraklubb og NSFF til å presentera resultat frå konkurransen.

Premiar i kvar klasse:

  • 1. premie 1000 kroner
  • 2. premie 500 kroner
  • 3. premie 250 kroner
  • Beste fotograf totalt: 2000 kroner

 Me tar forbehold om at det er vist stor nok interesse for å gjennomføre konkurransen, der premiane kan bli redusert ved låg deltaking.

Konkurransen vil ha ein nordisk jury, som blir annonsert i forkant av konkurransen.

Konkurransen er godkjent av NSFF og gir poeng til nasjonale plakettar og hederstegn.

 

Patronat 2021/5