Invitasjon til Analog Nasjonal 2019

Invitasjon til Analog Nasjonal 2019

Publisert av Bjarte Hoff den 03.03.19. Oppdatert 09.06.20.

Narvik Kameraklubb invitera til nasjonal konkurranse innan analog fotografering. Konkurransen er open for alle og har NSFF patronat 2019/3. For NSFF medlemmar gir det poeng til nasjonale plakettar og heidersteikn. Alle deltakarar får tilsendt katalog/hefte med preimerte bilder frå konkurransen.

Reglar

  • Tema: Fritt motiv
  • Det er to klassar, monokrom papir og monokrom projeksjon.
  • Kvar autor kan delta med maks 4 bilete i kvar klasse
  • Bileta skal ikkje ha signatur/logo eller fysiske rammer/passepartout
  • Alle bilete skal ha ein tittel
  • Du må vera rettmessig eigar av bildet og alle personar som er hovudmotiv i bilete må ha godkjent bruken.

Klasse: Monokrom papir

  • Ingen digital behandling
  • Bildet skal vera tatt ved bruk av film
  • Papirbildet skal vera framkalla i mørkerom
  • Valfri papirstørrelse

Klasse: Digital monokrom

  • Bildet skal vera tatt ved bruk av film
  • Digtalisering direkte frå negativ eller skanning av framkalla papirbilde
  • Digital etterbehandling er lov
  • Lever som jpg-fil med 2400 pixlar på lengste side, mask 3 MB
  • Levering via NSFF.no (eller via e-post om du ikkje er NSFF medlem)

Praktisk informasjon

Levering er som hovudregel via bildeinnlevering på NSFF.no. For papirbilete er det valfritt å lasta opp digital kopi for bruk i katalogen. Papirbilder blir returnert til autor etter juryering.

For dei som ikkje er NSFF medlem, send bileta til post@narvikkameraklubb.no og merk med Analog Nasjonal 2019. Inkluder navn, adresse og eventuell fotoklubb.

Papirbilder må sendast til adressa innan fristen:
Per Gunnar Mørk
Notveien 46
8520 Ankenes


Deltakargebyret er kr. 350,- som skal betalast til 4520.13.21437 (Narvik Kameraklubb). Merk med «Analog 2019 – Ditt namn».

Narvik Kameraklubb har rett til å publisera alle premierte bilete i samband med presentasjon av resultata og eventuell dekning i media. Alle bilete blir publisert med fotografen sitt namn. Det vil bli produsert ein katalog/hefte som blir sendt ut til alle deltakarar.

NSFF pokal til beste bilde.

Kalender

  • Innleveringsfrist: 1. mai
  • Juryering: innan 26. mai
  • Publisering av resultat: innan 26. mai
  • Utsendig av premiar: i løpet av juni

Visning av vinnarbilder på http://www.narvikkameraklubb.no og NSFF Magasinet.

Kontaktperson: Per Gunnar Mørk, e-post per.gun@online.no

 

Patronat 2019/3