Fem entusiastiske meldemmar blei med når klubben arrangerte fototur 15. til 16. september til den gamle forskingsstasjonen på Forsheim, ein kort båttur over Skjomen. Anlegget var i si tid forskingsstasjon for lakdeoppdrett, men har vert forlatt i mange år. Ofoten Kystlag har tatt over eigendomen, der klubben vart innlosjert som første offisielle gjester på det gamle internatet.
Foto: Bjarte Hoff
Plassen gav mange nye fotomotiv, både i form av natur, gamle bygningar og utstyr. Det gamle huset på Forsheim gård vart raskt ein favoritt med sine skeive vindu og falleferdige tilstand. Det stoppa ikkje gjengen frå å undersøka motivet både utvendig og innvendig.
Foto: Bjarte Hoff
Foto: Rita Anne Bertnsen
Også naturen presenterte sin andel med motiv, med alt frå buldrande fossefall og elvar til rolige skogslandskap.
Foto: Bjarte Hoff
Foto: Rita Anne Berntsen
Historien på plassen går lengre tilbake enn forskingsstasjon og gårdsbruk. Her undersøkjer me gamle helleristingar:
Foto: Bjarte Hoff